Denne helga inviterer Fjordane Folkehøgskule til Jul i Stallen på Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid.

Under arrangementet blir det høve til å delta på blant anna barneriding, stell av hest, vikingleir med leikar og andre vikingaktivitetar, eventyrstund og marknad med sal av handlaga produkt.

I tillegg vil det vere to framsyningar med hest-, sirkus-, og vikingshow både laurdag og søndag.

– Vi meinte at det var viktig at dei som bur rundt oss fekk eit innblikk i det vi dreiv med, og at vi kunne gje dei nokre kjekke opplevingar i tillegg. Ein av dei andre hovudgrunnane til at vi ville sette i gang dette, var at vi hadde eit ønskje om å kunne at gjere ein ekstra innsats for organisasjonar som driv med viktig samfunnsnyttig arbeiid, skriv arrangørane i ei pressemelding.

Halvparten av overskotet går kvart år til ein organisasjon som elevane har valt ut. I år er det forsking på ALS som mottek støtte frå arrangørane. Resten av overskotet går tilbake til elevane, der dei er med på å bestemme kva dei skal få bruke pengane på.

– Vi håpar mange har lyst å ta turen for å få med seg alle desse fine førjulsopplevingane, i tillegg til at ein er med på å støtte ei god sak, seier arrangørane.