Namn: Leif-Kåre Holvik

Alder: 67 år

Adresse: Okshola

Sivilstatus: gift

Yrke: jobba på lageret på XL-bygg

Hobby: musikk og korps

Aktuell med: spelar i Måløy musikklag, som arrangerer Nissefesten 4. desember i Samfunnshallen.

– Klar for ei ny utgåve av Nissefesten?

– Ja, altså, vi blir det! Progresjonen er slik som den brukar å vere. Vi føler vi har kontroll. Så det blir nok ein tradisjonell nissefest i år også.

– Kva er temaet denne gongen?

– Årets tema er jul i Mummidalen. Vi prøvar å vere litt aktuelle i val av tema i forhold til kva som opptek ungane. Dei med små barn i musikklaget har kome med innspel om at Mummi og Mummidalen er litt i vinden, så då blei det det i år.

– Har du trua på at det blir like populært blant dei minste som suksessen førre gong?

– Ja, det trur eg nok! Vi klarar ikkje å konkurrere med moderne barneunderhaldning, det går ikkje for ein gjeng med amatørar. Og det prøvar vi ikkje på heller, men vi hentar ein ny karakter inn i handlingane kvart år som strevar med å bli ferdig til jul og får besøk av kjende figurar og tradisjonelle figurar som klundrar det til og gjer det litt kavete for stakkars Mummitrollet. Og då må ein få hjelp. Mellom anna kan eg røpe at Postmann Pat, tante Sofie og andre kjende karakterar kjem for å rydde opp og hjelpe til.

– Har musikklaget jobba lenge med Nissefesten?

– Vi byrja tidleg i haust med ein gjeng på 4–5 personar som fann figuren og lagde historia. Så har vi putta på folk som vi trur kan passe til ulike oppgåver. Og så fann vi musikk, som ei flink komp-gruppe spelar og underheld med.

– Og publikum skryt av Nissefesten kvart år?

– Ja, dei er veldig positive. Det er heilt utruleg kva ein gjeng med ultraamatørar, når det gjeld teater, kan gjere på scena. Men det vi gjer må vere ordentleg og skikkeleg, det er ikkje snakk om noko anna. Og publikum tykkjer det er triveleg. Det har nok med tradisjonen og jula å gjere, det trur eg. Så kjenner ein dei på scena. Det er alltid mange som kjem, og vi brukar å ha rundt 500 i salen, noko som vi skal vere godt nøgde med.

– Korleis trur du stemminga blir på søndag?

– Stemninga hos oss er avslappa. Det har jo gått fint kvart einaste år. Nokre nye har veldig lyst og er nok litt meir spente enn det dei eldre er, vil eg tru. Men den store nervøsiteten kan eg ikkje seie at vi har.