Måndag 9. januar går startskotet for eit nytt korår for Måløy Songlag.

Og koret startar 2017 med å fortelle at dei har sikra seg ny dirigent. Dei har no gleda av å presentere Sølvi Myklebust som sin nye dirigent.

– Vi gler oss til å byrje på att etter eit lite opphald utan dirigent, fortel Sandra Rosing Kvalheim i Måløy Songlag.

– Vi ser fram til kjekke songstunder i lag. Om du har tenkt på å byrje å synge i kor, så er dette heilt rett tidspunkt å starte på, fastslår ho, og håpar at spesielt tenorar og bassar melder si interesse sjølv om alle er velkomne.

Måløy Songlag har øvingar kvar måndag i Turnhallen i Måløy. No gler koret seg til mykje songglede, moro og flotte utfordringar, fortel koret i ei pressemelding til Fjordenes Tidende.