– Heile programmet vert ei oppvisning i velklang og musikalske høgdepunkt med høg gåsehudfaktor, typisk Puccini!, skriv Opera Nordfjord i ei pressemelding om det komande Puccini-programmet. Blant solistane vert den kjende amerikanske tenoren Evan Bowers. Foto: Privat

Byr på ekslusivt Puccini-program

For den som elskar Puccini, og for den som ikkje visste at han elskar Puccini, byr Opera Nordfjord på eit eksklusivt Puccini-program med konsertturné 24.-26. mars.

Det vakre og mektige korverket Messa di Gloria vert framført av eit storkor samansett av Musikklinjekoret ved Firda vidaregåande skule og Nordfjord Operakor og andre amatørsongarar som ønskjer å bli med.

Musikklinjekoret har hatt fleire samarbeidsprosjekt med Opera Nordfjord tidlegare, både operagallaturné, Verdis Requiem, Messias og Beethovens 9. symfoni, og distrikts-operaen på Nordfjordeid ser fram til å arbeide med dyktige ungdommar frå heile fylket.

– Solistar vert den kjende amerikanske tenoren Evan Bowers, som til våren syng Don José i Carmen ved Den Norske Opera & Ballett, og bassen Magne Fremmerlid frå Skodje på Sunnmøre, som har sunge ved nasjonaloperaen i ei årrekkje, skriv Opera Nordfjord i ei pressemelding.

Konsertane vert i Trivselshagen på Sandane fredag 24. mars, så i Operahuset Nordfjord laurdag 25. mars og i Førdehuset søndag 26. mars. Billettsalet startar tysdag 10. januar.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå