Under nyttårskonserten let dei Svelgen-publikummet få høyre bidraget Essay.

Etter avslutningsnummeret Highland Cathedral ville publikum gjerne ha meir, og dirigent Johnny Sælemyr og brassbandet drog til med eit salig potpurri under tittelen Classic Gold.

Sælemyr var så fornøgd med publikummet at han heilt til sist drog opp ein tilhøyrar på scena som viste seg å vere onkelen hans, Edvard, (snart 90) frå Deknepollen i Vågsøy og overrekte blomsterbuketten sin til han.

Johnny Sælemyr trakk sin snart 90 år gamle onkel Edvard frå Deknepollen opp på scena og gav blomsterbuketten vidare til han.

– Tusen takk, sa han til onkelen og resten av publikum.

– Sjølv takk og velkomne tilbake, seier vi som høyrde på.