I 2012 flytte ho frå Kongsberg til Selje, og naturen ved kysten går igjen i fleire av bilda hennar.

- Her er mykje stein, vatn, og litt måsar, men det er det spesielle lyset eg alltid jaktar etter, fortel ho. 70-åringen flytta etter sonen og familien til Nordfjord, og har funne perla i Selje.

- Ettersom eg er født og oppvaksen i skogen, er dette også med på å prega bilda mine. Måla har eg gjort sidan eg var lita jente, fortel ho, som har levd av kunsten.

Tidlegare hadde ho også eige kurskonsept.

- Siste åra har det likevel vorte mindre måling, men utstillinga her er eit puff til å halde fram. Dette er mi første lokale utstilling i Nordfjord, fortel ho.

I Gamlebanken stiller ho med tredve akrylbilder. Landskap, menneske og blomster finn ein igjen på fleire av bilda.

- Eg har valgt min eigen fargepalett, og er spesielt glad i å bruke lune jordfargar. For meg er det også viktig at folk skal sjå kva det er på bilde. Det skal vere gjenkjennande, seier Vera Holmen.

- Det er viktig og riktig at du startar med ei utstilling no, sa gallerist Arve Espe under opninga.