Namn: Rakel Sørhaug

Alder: 16 år

Adresse: frå Vågøy, men bur på Sandane

Yrke: elev ved Firda vidaregåande skule

Hobby: teikning, måling, dans og drama.

Aktuell med: er med i UKM si Ungdommens ressursgruppe (URG).

– Kort forklart – kva er UKM?

– UKM er Ung Kultur Møtes. Det er eit nettverk av små lokale festivalar der ungdom kan delta med alle slags kulturuttrykk. Kvar kommune i fylket sender ungdommar vidare til UKM-festivalen Sogn og Fjordane som representantar for sin kommune. Fylket sender i neste omgang ca. 30 deltakarar til den nasjonale UKM-festivalen.

– Og når blir dette arrangert?

– Vågsøy og Selje arrangerer i lag 4. februar. I Eid er det UKM 29. januar, i Vanylven 4. februar og i Bremanger 4. mars.

– Du er med i URG. Kva er dette?

– Det er Ungdommens ressursgruppe. URG skal vere med å utvikle UKM gjennom året. I URG nasjonalt er det med ein ungdom frå kvart fylke. I tillegg har vi eit eige URG for Sogn og Fjordane med ungdom frå ulike deler av fylket. Vi skal vere med å utvikle UKM i Sogn og Fjordane. Vår oppgåve er å gje innspel og kome med kommentarar og tilbakemeldingar frå ungdommen til dei vaksne. Vi er med på å evaluere og delta på dei forskjellige lokalmønstringane rundt om i fylket, og vi er med på fylkesfestivalen for å skape stemning blant deltakarane og hjelpe til med heilskapen i arrangementet. Eg ville bli med i URG fordi eg har alltid likt UKM og tykkjer det er ein bra plattform for unge å utvikle talenta sine.

– Kvifor bør ein delta på UKM?

– Det er mange som ikkje veit kor gøy og lærerikt det er. Det er ein plass ein kan utvikle seg.

– Så du har sjølv vore deltakar?

– Ja, eg har vore med på UKM i snart sju år og det har vore utruleg gøy kvar gong. Eg har møtt mange nye folk og lært masse nytt.

– Kva kan ein bidra med på UKM?

– På UKM kan ein gjere det meste. Ein kan stå på scena med blant anna dans, teater, monolog, musikk, standup, triksing og så vidare. Ein kan stille ut kunst, vere med i UKM-Media, vere konferansier og vere ung arrangør.

– Kven kan vere med?

– Ungdom mellom 13 til 20 år kan melde seg på UKM. I nokre kommunar kan ein vere med frå ein er 10 år, men ein kan ikkje vere med på fylkes/landsfestival før ein er 13 år.