– Vi startar med middag og dessert og held fram med prat over ein kaffikopp, fortel Marte-Iren Lade, som er dagleg leiar på Fjordly ungdomssenter.

Denne torsdagen er det Reidar Dalsbø som skal tale på møtet. I tillegg blir det mykje allsong og vitnemål under pensjonisttreffet, opplyser Lade.

Og er du glad i musikk og spelar instrument, har du her ein gyllen moglegheit til å få spele saman med andre. – Ta gjerne med instrument og ver med å spele i Fjordlymusikken, oppfordrar Lade.

Etter at møtet er over, blir det god tid til både kaker og kaffi.