Victoria Grigoryan (23) kom til Svelgen som volontør i september i fjor for eitt år. Ho er utdanna psykolog og har kunst som sin store hobby.

I Svelgen arbeider ho med barn og unge både i og utanfor skuletida. For ei tid tilbake fekk ho ideen om å lage ei utstilling og fekk eldre og unge til å definere «glede» gjennom kunst.

Det er barna frå SFE, samt 7. og 8. klasse, som representerer barn og unge på utstillinga. I løpet av tre månadar har dei teikna, malt og laga ulike kunstverk for å formidle glede.

– Og ved å verdsetje den store erfaringa eldre har, får vi også sjå kva eldre tenker om glede. Vi har besøkt eldre frå 80 til 96 år og for meg har det vore veldig kjekt å sjå kor glade dei vart for å halde på med kunst, fortel Victoria som dermed har oppnådd litt av målet sitt.

– Eg håpar mange vil komme og sjå dette. Ein får også sjansen til å vere med på eit kunstprosjekt sjølv, seier kunstnaren som i tillegg vil stille ut sine eigne bilde.