Festivalleiinga meinar publikum på Malakoff ei gigaoppleving i vente når DJen Alan Walker frå Bergen kjem til årets festival.

- Berre eit knapt år tilbake var DJen og produsenten frå Bergen ein ukjend kar for dei aller fleste, men i dag er ståda ganske så anleis. Med debutsingelen Faded skaut karriera fart mot den internasjonale stjernehimmelen og eit verdsfenomen vart til. Alan Walker er i dag ein heilt uverkeleg stor nettmagnet, og med enorme sjåar- og følgjartal på YouTube står Faded på øvste pall, med sine vanvittige 900 millionar (!) syningar (sjå video under). Til no har meir enn 9 millionar einingar av singelen blitt selt globalt, og låta har passert meir enn 1,3 milliardar avspelingar online. Jepp, milliardar. Og tala berre veks!, skriv Malakoff Rockfestival på sine heimesider.

Låter som Faded, Sing Me to Sleep, Alone vert altså truleg å høyre på Malakoff denne sommaren.

Fra før er det klart at Åge Aleksanders & Sambandet, Biffy Clyro, Karpe Diem, Turbonego, Frank Carter & The Rattlesnakes, Dubioza Kolektiv, Janove, Dagny, Spidergawd og Kjartan Lauritzen kommer til årets festival som vert arrangert 20.-22. juli.