Galleri Frøya og innehavar Karin Flatøy Svarstad får besøk av musikaren og komponisten Hanus G. Johansen. Dette blir hans første tur til Kalvåg. Arkivfoto: Janne Weltzien Listhaug
            (Foto: Janne Weltzien Listhaug)

Galleri Frøya og innehavar Karin Flatøy Svarstad får besøk av musikaren og komponisten Hanus G. Johansen. Dette blir hans første tur til Kalvåg. Arkivfoto: Janne Weltzien ListhaugFoto: Janne Weltzien Listhaug

Får storfint besøk

Musikaren og komponisten Hanus G. Johansen frå Færøyane kjem på sitt første besøk til Kalvåg.

Laurdag 18. februar kjem Hanus G. Johansen til Galleri Frøya i Kalvåg.

Musikaren og visesongaren frå Færøyane har eit nært forhold til Norge og Vestlandet.

– Han er ein stor beundrar av vår Jakob Sande. Hanus har hatt eit stort prosjekt med fokus på Sande sine tekstar og har tonesett fleire av dikta og gitt ut ein CD, fortel Karin Flatøy Svarstad i ei pressemelding til Fjordenes Tidende.

Svarstad er innehavar av Galleri Frøya og er leiar av Sommerakademiet, som i mange år har reist til Færøyane med grupper frå Noreg.

Her har dei fått anledning til å oppleve naturen og det unike samfunnet på Færøyane, noko som har fell i smak hos dei som har vore med.

– Det er stor interesse for turane til Færøyane.

Og laurdag vil ein altså få ein smak av Færøyane både for auge og øyrer hos Galleri Frøya.

– Dette samfunnet har mykje å by på, fastslår Svarstad.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå