– Eit musikalsk fyrverkeri av ei framsyning, som skal spreie song, latter og livsglede i både Sogn og Fjordane, Nordhordland og Bergen, skriv arrangørane i ei pressemelding.

Handlinga i Evig Ung spelar seg ut ein gong i framtida. Sogn og Fjordane Teater er lagt ned og gjort om til ein gamleheim for avdanka skodespelarar, men desse nektar å la alderdommen stå i vegen for livsgleda. Så fort den infame pleiaren snur ryggen til, vaknar dei aldrande skodespelarane til liv. Dei lèt songen, leiken og låtten bryte laus, heiter det i pressemeldinga.

Evig Ung har premiere 10. februar i Førde og kjem til Florø 18. februar, og til Nordfjordhallen i Vågsøy 2. mars.