Når alt som kan gå gale, går endå verre! Slik kan ein skildre komedien som Riksteatret gjer stor suksess med akkurat no.

Kva skjer når eit overentusiastisk amatørteaterlag skal setje opp si første store framsyning, eit mordmysterium i ekte Agatha Christie-stil? Meir enn nokon kan fatte!

Publikum ler så dei hyler og kritikarane jublar for stykket som har originaltittelen «The Play That Goes Wrong». Det går på fjerde året i London og vart årets beste komedie i 2015. «Jeg har sjelden, om noensinne, hørt høyere eller mer sammenhengende latterkuler i et teater», skreiv pressa etter premieren.

På scena står eit topplag av norske komedieskodespelarar, som Hege Schøyen, Ingar Helge Gimle, Bartek Kaminski og Jan Martin Johnsen. Knut Nærum har omsett stykket til norsk, og regien er ved Kim Haugen.

Tysdag 21. februar kan publikum se komedien i Operahuset Nordfjord. Billettsalet går svært godt, men det er framleis råd å sikre seg plass, skriv operahuset i ei pressemelding.