Eit av føremåla er å sikre veterinær i Bremanger, Selje og Vågsøy, som har lite næringsgrunnlag for veterinærar. I søknaden til Fylkesmannen ber dei også om driftstilskot til veterinær busett i Selje, for å oppretthalde grunnlaget for å bu og virke i Selje kommune. Det vert vist til at det er langt mellom gardsbruka, noko som medfører mykje og lang køyring. Det er langt mellom betalte oppdrag og dette gjev låg lønnsemd for ein veterinær.

Ønsket er også å styrke veterinær beredskap i Bremanger og Vågsøy, der det vert lengre og lengre mellom kvart gardsbruk.

Hesteklinikken er også i oppstart og driftsfase. Den gir eit utvida tilbod til dei som treng det og veterinærane har eit ekstra bein å stå på. Dei har det meste av det utstyret dei må ha, men treng hjelp til drift. Det er heller ikkje nok hest i området til at drifta ber seg sjølv, heiter det i søknaden.