Det var Nybakks venner med samarbeidspartnarar som stod bak arrangementet i Turnhallen laurdag. Fleire av dei frammøtte trakk fram det nære forholdet mellom Måløy og Lerwick.

– Vi har funne oss eit laken og eit fleecepledd som vi har festa med eit tau i livet, og så har vi kjøpt oss ein vikinghjelm, forklarar dei.

Felles for mange av dei frammøtte var at dei hadde kledd seg i vikingklede. Nokre hadde drakter frå Shetland, medan andre hadde sydd sine eigne kle. Nokre av dei var Anna Rong, Laila Berg og Anne Mabel Nybakk.

Anna Rong (f.v.), Laila Berg og Anne Mabel Nybakk stilte i drakter dei hadde laga sjølv. Til og med flettene var heimeproduksjon.

– Vi kallar oss sjølv for stoffmisbrukarar. Vi har eit stort lager av stoff, så det var klart at vi måtte lage våre eigne drakter, smiler dei tre damene.

Eit av høgdepunkta under vikingfesten var fakkeltoget gjennom sentrum, som vart avslutta med bålbrenning på fyllinga.

– Er dykk klare for å sende denne båten til Valhall?, ropte Per-Kåre Nybakk, som fekk eit klart ja frå tilskodarane, som gjekk fram til snekka og kasta faklane sine om bord.

Under vikingfesten gjekk dei frammøtte i tog med faklar i sentrum. Ruta enda på fyllinga i sentrum der vikingane sende ein båt til Valhall ved å sette fyr på den med faklane.

– Dette var veldig flott, men det skulle vore fleire her å tatt del i arrangementet, sa Helge Hjelle, som var blant dei som hadde vikingdrakt frå Shetland.

Utover kvelden vart fleire tradisjonar gjennomført. Under Shetlands-festen har det i 59 år vore tradisjon at vikingane sender ein skål til Måløy. Eks-jarl Graham Nicolson, som var Up Helly Aas jarl i 2007, hadde med seg eit drikkekar i sølv, slik at ein kan føre tradisjonen vidare her med å sende ein skål frå Måløy til Shetland.

– Denne er inngravert til vikingfesten frå lauget der borte, så no har vi allereie starta tradisjonen her, fortel Per-Kåre Nybakk.

– Eg syns arrangementet gjekk veldig bra og folk storkosa seg. Eg trur gudane var godt fornøgde med oss, for då vi hadde sett fyr på båten stilna vinden og det letta opp, smiler Nybakk, og fortset:

– Vi skulle gjerne hatt med oss fleire folk. Vi går ikkje i pluss på denne, men det blir heilt klart fleire vikingfestar.