– Musikalen handlar om at ungdomane er delt inn i ulike gjengar og fargar, og at ein ikkje kan vere i lag med dei som ikkje har den same fargen, men til slutt blir alle vener. Kanskje det i 2025 er slik som avslutninga i musikalen, og at folk er meir utadvendte og at alle kjenner alle, seier Cecilie Navelsaker, som går i 9A på Eid ungdomsskule.

– Nokre meiner at dei ikkje er gode nok, medan nokremeiner at dei er betre enn andre. Men det viser seg at alle er like gode, fortel Steffen Lotsberg som går i 9A. Han var i den svarte gjengen.

Steffen Lotsberg, som spelte ein gut som var med i den svarte gjengen, trekk fram episoden der den svarte gjengen tek over dei grøne sin plass som eit høgdepunkt.

Både Navelsaker og Lotsberg håpar at framtida blir som slutten på musikalen.

Og det var mange som fekk med seg bodskapen frå dei 128 elevane som har bidrege til musikalen, som var eit samarbeid mellom Eid ungdomsskule og kulturskulen i Eid.

– På premiera torsdag var det nesten fullt på galleriet og fredag var det enno meir folk til stades, fortel lærar Hege Lillestøl Naustdal, som har skrive musikalen saman med Lise Rønnestad, som også er lærar på ungdomsskulen. Dan Åsebø, rektor ved kulturskulen i Eid, har laga arrangementa.

Hege Lillestøl Naustdal (på bordet) har skrive manus til musikalen saman med Lise Rønnestad. Dei er begge svært imponerte over innsatsen til dei 128 elevane.

– Når ordet går så blir det fullt, smiler Lillestøl Naustdal.

Manusforfattarane er begge svært imponerte over elevane sin innsats.

– Vi syns det gjekk heilt strålande. Vi er kjempestolte og fornøgde med innsatsen og det elevane har fått til. Elevane har tatt til seg musikalen og lagd den til sin eigen, fortel Lillestøl Naustdal, som ikkje legg skjul på at det har blitt nokre tårer både i øvingsperioden og på premiera.

Det er femte gong ungdomsskulen og kulturskulen samarbeider om å lage musikal.

– Det samarbeidet er unikt og går heilt smertefritt føre seg. Vi syns det er veldig kjekt, seier Lillestøl Naustdal.