Bandet skal spele laurdag 22. juli på Amfiscena.

– Det er heilt vilt rått å få besøk av sjølvaste Converge! Med utspring frå punken er kvartetten frå Massachussets eit av dei mest innovative og grensesprengande banda innan metal. Og no kjem dei søren brette meg til vesle Nordfjordeid og Malakoff17!

Det amerikanske bandet Converge kommer til Malakoff denne sommeren.

Følgjande artistar kjem til Malakoff Rockfestival 2017 (20. - 22. juli):

  • Biffy Clyro

  • Karpe Diem

  • Alan Walker

  • Turbonegro

  • Converge

  • Åge Aleksandersen & Sambandet

  • Frank Carter & The Rattlesnakes,

  • Dubioza Kolektiv

  • Janove

  • Spidergawd

  • Dagny

  • Kjartan Lauritzen

Årets festival vert den fyrste som går over 3 dagar. Malakoff har dei siste 4 åra vore utsolgt med 12.000 publikummerar kvar dag, 5.000 festivalcamperar og ei unik festivalstemning.

Fleire artistar vert offentleggjort utover vinteren og våren, skriv arrangørane.