Det blir nemleg loppemarknad både i Måløy og i Svelgen dei to første vekene i mars.

Turid Breidalen inviterer igjen til loppemarknad. Det blir som vanleg i Firda Canning-lokala i Måløy.

Loppemarknaden blir fredag 10. og laurdag 11. mars, og Breidalen lovar at det er utruleg mykje flotte lopper. Pengane frå loppemarknaden går til Sogn og Fjordane Parkinsonforening.

Her er det 9. klasse ved Svelgen oppvekst som er arrangør.

Inntekta frå loppemarknaden går til klasseturen til Polen, som dei skal på hausten 2017.