Under den offisielle opninga vart det også kjent at namnet på det nye kulturhuset er Parken Kulturhus.

– Det er 61 år sidan det gamle samfunnshuset vart opna, no er det utgått på dato og vi skal få æra av å opne eit nytt kulturhus. Det har vore ein lang veg fram, men også ein god veg. Eg er veldig glad for at så mange har møtt fram, sa styreleiar Edvard Iversen, i forkant av den offisielle opninga.

Ordføraren fekk æra av å opne huset.

Vågsøy skulekorps starta markeringa laurdag med å marsjere frå skulen til kulturhuset. Etter den offisielle opninga var det open kafé, hoppeslott, klovnebesøk og leikerom for ungane, musikkinnslag frå lokale talent og ei bildekavalkade ved Roald Refvik.

Men feiringa starta allereie torsdag. Då var det ungdomskveld. Fredag var det pubkveld, og laurdag kveld er det festmiddag for inviterte gjestar.

Det blir meir om opninga av Parken Kulturhus i tysdagsavisa.