– Det er veldig kjekt og motiverande for jentene, samstundes som dei lærer mykje nytt. Vi ser kva dei andre gjer og vi får vist fram kva vi har øvd. Og så får vi vist kva vi kan. I tillegg får jentene sjå kva dei litt eldre drillarane kan, og det blir ein supermotivert av. Sjølvsagt er det også ein sosial happening, seier leiar for drilltroppen Lene Marie Lågeide og drillansvarleg og instruktør for aspirantane Monica Silden.

Under Nordvesten, som er fylkesmeisterskapen for skulekorps, generasjonskorps og drill, i Florø denne helga tok drilltroppen med seg fleire topplasseringar. Under meisterskapen deltok også Nordfjordeid og Svelgen med drilltropp, og Kjølsdalen skulemusikk og Kalvåg skulemusikk deltok i brass 2. divisjon.

I Drilldans tropp preteen beginner hamna jentene frå Skavøypoll på førsteplass, Eline Martine Longva fekk gull i Drilldans solo juvenile og Mia Silden fekk bronse i Drilldans solo preteen.

I hovudtroppen er det i dag ni jenter, i tillegg er det ni aspirantar som seinare kjem inn i drilltroppen til Skavøypoll skulemusikkorps.

– Vi har veldig god rekruttering. I haust tok vi ikkje inn nokon nye drillarar, og det vil vi heller ikkje gjere i år. Så neste moglegheit blir 2018, forklarar Silden, og legg til:

– Vi skal ha uniformer til alle, og så lenge vi er ein del av eit skulekorps, så kan vi ikkje bli for store.

Aspirantane går i 3. og 4. klasse, medan dei jentene i drilltroppen går frå 5. klasse til 9. klasse. Aspirantane trenar ein time i veka, medan hovudtroppen, etter eige ønskje, trenar ein halvtime meir.

Så langt i år har drilljentene delteke på Drillexplotion i Ålesund.

– Dette er ei treningshelg, som også inneheld ei oppvising. Dette var vi med på i fjor og i år. Korpset planlegg ein tur til Calella i Spania denne sommaren, så den skal vi vere med på. I tillegg skal korpset arrangere vårbasar, og vi drillar under barneturnstemnet i Måløy i april og på 17. mai, fortel Silden.

Du kan sjå fleire bilete og lese meir om arrangementet på fjt.no