– Ein lærer veldig mykje. For min eigen del har eg lært mykje om songteknikk. Om det er første gong ein er med på musikalen, så lærer ein nok spesielt mykje, fortel Torbjørn Åshamar Eriksen (19) frå Eid.

– Det kan eg stadfeste. Eg har ikkje hatt noko form for songopplæring tidlegare, og eg har lært veldig mykje, fortel Agnes Pauline Moldestad Thunem (16) frå Selje.

Torbjørn Åshamar Eriksen (19) frå Eid og Agnes Pauline Moldestad Thunem (16) frå Selje meiner ein både tar med seg lærdom og mykje moro når ein er med på skulemusikalen.

Eriksen har med seg mykje erfaring frå tidlegare. Dette er fjerde gongen han er med på Eid vidaregåande skule sin musikal. I tillegg har han vore med på Elskhug og Eksis, andre kulturarrangement og syng i tre kor. Thunem har i fem år spelt piano, og seinare orgel, ved kulturskulen i Selje. Dei to er einige om at ein også lærer mykje frå kvarandre når ein set opp ein musikal.

– Ein lærer alltid, også av kvarandre. Ofte når ein byrjar på vidaregåande så er det nokre som er naturleg utadvende. For dei som ikkje er det så kan musikalen hjelpe. Dei som har dei same interessene treffast på tvers av ulike klassetrinn, seier dei.

– Dette er ein veldig verdifull sosial event. Elevane er veldig flinke til å ta vare på kvarandre. Eg er imponert over kva dei tore, og mange hentar med seg ei stor personleg vinning. Nokre synast det er skummelt å snakke i klassa, men så kjem dei hit og står på scena framfor ein fullsett operasal, seier Heinum.

Det var 25 elevar i aksjon på scena i Operahuset Nordfjord fredag og laurdag kveld. Saman tok dei med dei 665 publikummarane som fekk med seg musikalen, på ei reise tilbake til 80-talet.

Dette førte til at elevar, regissør Michael Pavelich og dei andre involverte kasta seg rundt og greip fatt i musikalen «Back to the 80s». Ein har ikkje ein gong hatt tid til å omsette musikalen til norsk.

– Vi har berre hatt ni veker å øve inn musikalen på, så det har vore heftig, seier Thunem og Eriksen.

Sjå fleire bilete på fjt.no