Då Firda Storband laurdag 18. mars samla tidlegare elevar frå Firda vidaregåande skule til stor «reunionkonsert» i Trivselshagen var heile 5 av 18 medlemmer på scena frå Bremanger.

– Bremanger var absolutt den kommunen som var sterkast representert i storbandet, viss vi ser vekk frå Sandane, seier Solheim.

– Folk frå Bremanger har alltid oppsøkt Firda. Kanskje har det å gjere med at det er mange musikalske folk der ute, og ønskte ein å gå vidare med musikk, så hadde Sandane tilbodet.

– Så Bremanger klarer å gjere seg kjend som kulturkommune utanfor eigne kommunegrenser?

– Ja, det gjer dei absolutt. Det er ikkje mange småkommunar som kan reise til Bergen og sette opp førestillingar for ein full Grieghall. Det er imponerande, seier Solheim, som trur det finst sterke kulturelle drivkrefter i kystkommunen.

– Ta til dømes Norvall Klungresæter og Jarle Grotle som er med i bandet. Begge har musikk som leveveg og jobb i kulturskulen.

– Gjekk du tre år på Firda, og spelte blåseinstrument, trommer, gitar eller eit anna storbandinstrument, ja, så var du med i bandet.

– Apalset var ein inspirerande lærar og dirigent, lun og inkluderande. Eg har mange fine opplevingar, seier Jarle Grotle frå Bremanger i ei pressemelding. Grotle trur tida på musikklinja og i storbandet har hatt mykje å seie for at han valde musikk som leveveg.

– For meg har det gitt ein ballast i form av til ein viss grad å kunne lese bassnotar både som besifring og som tradisjonell notasjon, samt eit lite innblikk i storbandverda og evna til å sette pris på den, seier Norvall Klungresæter i pressemeldinga.

Og Bremanger-dominansen ser ut til å halde fram med nye generasjonar. For Bremangerbandet Silo, der dei fire unge musikarane også har gått på Firda vidaregåande skule, stilte som oppvarmingsband for Firda Storband på jam session etter konserten.