Laurdag er det igjen tid for Bygdakveld i Svelgen samfunnshus med middag, revy og dans med Sixpack. Bygdekvelden blei for første gong arrangert i fjor, og no gjentek arrangørane suksessen.

– Vi synst det var litt dumt at bygdene rundt om kring oss klarte å ha slike bygdekveldar og at vi ikkje klarte det, ler Myklebust som er med i Svelgen Opp og Fram. Dei gjekk saman med Svelgen Samfunnshus, Svelgen Nord og Ned og Svelgen Rockklubb for å skape ein sosial og morosam kveld for bygda.

– Vi har fått god musikk, revylaget seier det blir like bra som i fjor og middagen kjem til å bli glimrande, seier han og beskriv samarbeidet som utruleg bra.

No gler han seg stort til helga, og fortel at det så langt er påmeldt folk frå 20-åra til godt over 80.

– Tanken med dette er å samle ei større aldersgruppe for å kose seg og le litt i fellesskap, få god mat og vin og vere sosiale, forklarar han.