Fredag 31. mars inviterer derfor Bremanger AUF til den første ungdomskvelden på Kulturhuset Realen i Svelgen sidan huset blei stengd etter stormen Dagmar i romjula 2011.

Ida, Tony og Ragnhild ser eit stort behov for at det skjer noko for ungdom på heimstaden, og at ungdom får ein møtestad som er deira eigen utan at det er noko press på kva slags aktivitetar ein skal drive med.

– Det er eit godt tilbod her i Svelgen innan sport, men for oss som ikkje er så glad i å sparke på ein ball, er ein slik ungdomsklubb ein god idé, smiler Tony Shyam Rajeswaran (16).

– Ein treng ikkje vere med på aktivitetane om ein ikkje vil. Det viktigaste med ein slik kveld for oss er det sosiale. Her er det fridom til å velje sjølv om ein vil vere aktiv eller ikkje, seier Tony.

Fredagen blir ein liten test på kor stor interessa blant ungdommen er.

– Vi vil sjå kor mange som kjem, og håpar å skape engasjement for å få ein ungdomsklubb tilbake på Kulturhuset Realen, seier Ida Vågene (17).

– Vi har vore rundt på Svelgen Oppvekst i klassene frå femte til tiande, og håper å få til eit tilbod også for mellomtrinnet, seier Ida.

Det er Bremanger AUF, der Ida Vågene er leiar, som i første omgang no tek initiativ til å lodde interessa for ein ungdomsklubb på Kulturhuset Realen.

– Vi leiger huset på fredag, men AUF kan nok ikkje drive det for evig. Vi tek det i starten, men håper at vi kan finne andre løysingar på sikt. Kanskje kan niandeklassingane som skal samle inn pengar til skuletur ta på seg jobben, eller engasjerte foreldre, seier Ida.

Det er også viktig at ein ny ungdomsklubb får identitet som ungdommen sin eigen plass.

– Vi har jo vore på Bakarhuset og i hallen, men det blir ikkje vår plass. Når vi får Kulturhuset Realen har vi moglegheit til å gjere det til vårt eige, understrekar Ragnhild Winther Bremnes (17).

Dei er glade for dugnadsjobben som er gjort av interessegruppa som overtok Kultur- huset Realen frå Bremanger kommune.

– Vi treng ikkje gjere noko. Dei har gjort ein god jobb.