– Vårt mål med Elvisfestivalen er at den skal omfamne alle. Vi har eit eige opplegg for barnehagane, vi har The Young Ones, og vi har eit opplegg for dei som bur på omsorgssenter. No håpar vi å inkludere enno ei gruppe i festivalen vår, seier Helge Hjelle og Lars Kjølen i Elvisfestivalen.

Inspirasjonen kom frå ein familie frå Skien.

– I desse tre åra vi har arrangert festivalen har vi opplevd ei mor som kjem frå Skien med to barn med utviklingshemming. Dei har vore med på festivalen, og vi har sett gleda dei har med å vere der. Så då dukka ideen om ein eigen rockekonsert for personar med utviklingshemming opp, forklarar Hjelle, som tok kontakt med miljøtenesta i Vågsøy kommune, for å høyre om moglegheita for å få til dette.

– Vi er utruleg glade for å ha blitt spurt, og blir sjølvsagt med, fortel Katrine Holvik Skinlo, som er gruppeleiar for miljøtenesta.

Planen til arrangørane er å sende ut invitasjon til alle dei liknande etatane i kommunane i Sogn og Fjordane og på Sunnmøre.

– Vi sender ut invitasjon til dei omliggande kommunane, og så vil dei sende invitasjonen vidare ut internt hos seg. Ingen kan plasserast i ein boks, og ein må også sjå på kven som kan ha interesse av noko slikt. Så det er heilt umogleg å seie noko om kor mange som vil dukke opp, seier Holvik Skinlo.

– Om dette skal bli ein suksess er vi avhengige av at tenestene i andre kommunar er like positive som dei er i Vågsøy, men konsert blir det uansett. Om det kjem 10 eller 200, så gjennomfører vi, understrekar Hjelle.

Planen er at arrangørane av Elvisfestivalen lagar til ein eigen rockekonsert for dei inviterte gjestene, anten i teltet eller utandørs. Miljøtenesta skal bidra med å legge best mogleg til rette.

– Vi skal vere med å planlegge og legge til rette for korleis det er gjennomførbart, slik at alle kan få vere med. Prøve å førespegle kva det kan vere behov for rundt arrangementet, for at flest mogeleg tilreisande skal få ei god oppleving. Det er ikkje så mykje ekstra som må til, men vi må ha tenkt gjennom kva det kan vere behov for av fasilitetar, seier Holvik Skinlo.

Elvisfestivalen blir i år arrangert for fjerde gong, og går av stabelen 10.–12. august. Rockekonserten for personar med utviklingshemming skal etter planen gå føre seg fredagen.