Det var mange aktørar i sving for å få gjennomført bygdekvelden i Svelgen. I tillegg til velforeininga og revygruppa var også Samfunnshuset og rockeklubben med som arrangørar. 10. klasse ved Svelgen oppvekst serverte sosekjøt og dessert i stort tempo til fornøgde gjester.

Den nystarta Svelgen-gruppa, som førebels har namnet «New Old Jeans», serverte taffelmusikk mellom slaga.

Revygruppa «Svelgen Nord og Ned» fekk lattermuskelen i sving med sine ville påfunn.

Då Wenche Frimannslund openberra seg i Sunnfjord-bunad framom det raude sceneteppet var det klart for revy. Ho song ein hyllest til heimstaden som publikum sette stor pris på.

Etterpå gjekk det slag i slag. Ein fekk sjå Oddgeir Sande på sjekkern og tre sprø italienske tenorar som viste seg å ha overnaturlege krefter som braut tyngdelova totalt. Veronica Ommedal spelte halvdøv tolk og fekk dei mest diplomatiske utsegn frå den amerikanske gjesten til å bli grove fornærmingar og merksnodige utsegn.

Det ein i starten kunne frykte var eit strippeshow med Asle Førde (f.v.), Jostein Mangerøy, Bjørn-Inge Vadstein og Oddgeir Sande, viste seg å vere ei oppvising i «synkronsymjing».

Låtten sat laust allereie før fire synkronsymjarar var komne på scena. Folk i salen fryda seg over revyen som var velarrangert og godt utført.