– Det var fantastisk bra førre gang dei var her, og det skal bli eit hårreisande show i år. Dei som var der sist og synast det var bra blir ikkje skuffa. Om det kokte sist, så skal det ta av i år, seier Bjørn Tungevåg, Sigbjørn Kvalheim og Bjørn Engelbrektsson i arrangementskomiteen for Måløydagene 2017.

Sidan starten har The Show Must Go On blitt sett av meir enn 400.000 publikummarar i dei fire versjonane som har blitt sett opp. Showet hadde premiere hausten 2007.

– Folk i Måløy er flinke til å vere publikum. Det er ei tilbakemelding som går att frå artistane. Heine Totland og bandet hans lurte på kva som trefte dei i fjor. Dei var ikkje budd på å nærast bli blåst bak i sceneteppet.

Arrangørane håpar at dei ved å hente tilbake Nilsen og Queen-showet skal famne breitt.

– Dette er tidlaus musikk. Om du er 80 eller 12 år, så har du eit forhold til songane. Det er slik med Måløydagene at vi vil ha noko som famnar flest mogleg.

Flyttar til Torget

Arrangørane av Måløydagene har bestemt seg for å flytte teltet frå Larsmarka til Torget.

– Med tanke på logistikken gir dette oss større utfordringar, men samstundes blir det meir samlande for festivalen. I tillegg har vi noko anna vi kanskje skal bruke Larsmarka til, så det er det gunstig å sette opp teltet på Torget, forklarar Tungevåg.

Arrangementskomiteen for Måløydagene, her ved Sigbjørn Kvalheim (f.v.), Bjørn Engelbrektsson og Bjørn Tungevåg, flyttar teltet frå Larsmarka til Torget.

Teltet, som målar 36 gongar 15 meter, blir ståande i full strekk på Torget under Måløydagene.

– Vi har jo torgscena som står der, men ein får ikkje så mykje scenekjensle. Folk held på å gå seg bak i Torghopen fordi ingen vil stå fremst. Når vi har teltet der så blir det enklare for konferansier og dei som skal ha underhaldning fordi publikum er samla innanfor dei fire veggane. I tillegg har vi høve til å flytte nokre av sentrumsaktivitetane under tak om nokon skulle gløyme seg og det ikkje blir sol, smiler arrangørane.