– Det er udelt hyggeleg å vere på scena under Måløydagene. Det kan bli litt «bråk», men det er ikkje alle forunnt å få ein så god respons, smiler leiar for musikklaget Leif-Kåre Holvik.

I fjor kunne ikkje laget delta på Måløydagene fordi dei ikkje hadde dirigent på plass. No har Tryggve Dyrvik kome inn som dirigent og dei 35 musikantane, som skal ha med seg solistar og komp, lovar eit fengande show.

– Vi prøvar å legge eit løp som fenger dei fleste. Vi kjem til å bruke ein del frå dansegallaen, men også fylle på med noko med endå litt meir trykk i. Det at folk skal ha det kjekt er eit godt nok mål i seg sjølv, seier Holvik.

– Dette blir sjølvsagt kjempekjekt. Dette er ein tradisjon som har vore i mange år, og det plar bli kjempekveldar med mykje lokale innslag der både nye og erfarne talent får vise seg fram, smiler Tungevåg, som understrekar at Måløydagene skal vere ein arena der lokale artistar skal få vise seg fram for publikum.

– Det er utruleg mykje flinke folk her ute. Det er mange som kjem heim til dette arrangementet som ikkje er her elles i året, så då er Måløydagene einaste moglegheit til å få med seg alle dei dyktige artistane.

I tillegg til Måløy Musikklag står bandet The Irish Vikings på plakaten både fredagen og laurdagen i teltet, men også på dagtid ulike stadar i sentrum.

– Irsk folkemusikk har vist seg å slå godt an i Måløy. Eg anar ikkje kvifor, men det byrjar å rykke i foten til vågsøyværingane når felespelet byrjar. Vi såg det med The Whole Shebang i fjor, og forventar det same i år, seier Tungevåg.

Bandet The Irish Vikings blir å sjå ved fleire høve under årets utgåve av Måløydagene. – Irsk folkemusikk har vist seg å slå godt an i Måløy, seier Bjørn Tungevåg i arrangementskomiteen. Pressefoto

Ifølge The Irish Vikings er dei eit band som hovudsakeleg spelar irske drikkeviser med ein «rocka twist».

– Bandet blandar fele og gitar på ein heftig måte. Saman med bass, trommer, akk-gitar og fleire vokalar blir dette ei kraftig blanding av rock and roll, country og Dubliners. I tillegg spelar også bandet hits frå 80-, 90- og 2000-talet, heiter det i ei pressemelding frå bandet.

Tungevåg legg til at Elisabeth Kristensen skal gjere ein jobb på scena laurdagen, og at Viltkoret skal kore for Åge Sten Nilsen under Queen-showet fredagen.

– Dermed får vi med litt lokalt begge dagar, fortel Tungevåg.