– Vi såg at teltarrangementa var veldig populære i fjor. Det var også mange som nytta seg av området utanfor teltet på dagtid. Der hadde vi eit inngjerda område som passa godt for både små og store, så dette er noko vi vil prøve å få til i år også, fortel styreleiar i Måløy Havfiskefestival Mette Sandal, og fortset:

– I tillegg vil vi prøve å skape meir aktivitet både på Torget, men også i samband med innveginga, slik at det kan bli litt meir show og dermed meir spennande å følge med på. For å få til dette har vi bestemt oss for å få på plass konferansierar, som både kan forklare litt undervegs, men også finne dei gode historiene.

– Søndagen blir det ein opningsseremoni i teltet. Denne er det havfiskeklubben som står for. Onsdagen blir det ein pubkveld der vi har fått med oss Elisabeth Kristensen og laurdagen avsluttar vi festivalen med Hit Station, forklarar Natalie Silden Holvik og Ingvild Rutledal, som saman med Geir Oldeide utgjer teltkomiteen til årets festival.

– Hit Station har vore i Måløy fleire gongar tidlegare, og dei veit kva som skal til for å underhalde oss, forklarar dei vidare.

Havfiskefestivalen har booka Hit Station, som har stått for underhaldning ved fleire arrangement i Måløy. Her frå Måløydagene i fjor saman med Jørn Trollebø Kvalheim.

Teltkomiteen har god tru på at bandet skal klare å underhalde både fiskarar og innbyggarar.

– Det bandet vi bookar inn må appellere til mange både i smak og alder, og det trur vi at Hit Station og eit oppvarmingsband skal klare å få til. Når det kjem til oppvarmingsbandet, så har vi ikkje det heilt klart enno, men vi håpar å finne noko lokalt, smiler Silden Holvik og Rutledal.

Dette er første året dei er med og arrangerer festivalen, og Silden Holvik og Rutledal meiner festivalen er eit positivt tilskot til aktiviteten i Måløy.

– Det er veldig kjekt å vere med og bidra. Dette er eit positivt arrangement som er med å løfte aktiviteten, meiner dei.

Og i år kan det bli ekstra stor aktivitet i teltet.

– Vi såg i fjor at det var fullt i teltet både fredag og laurdag, så i år utvidar vi teltet litt stadfestar teltkomiteen.