Langfredag og påskeaftan er det klart for påskerevyen «På rett kjøl» i ungdomshuset Davang på Davik.

Dette er tredje gongen påskerevyen blir sett opp, og stemninga dei to tidlegare åra har vore upåklageleg.

– Stemninga må vel seiast å ha vore høg. I alle fall er det sånn vi opplever det frå scena. God stemning, god underhaldning, god musikk og gode gjester er ei sikker oppskrift på suksess, seier Hallgeir Hamre.

– Og vi andre var ikkje tunge å be, fortel Hamre og legg til:

– Det har vore utruleg kjekt, og for oss har dette vore ein god måte å halde kontakta på, sjølv om vi etter kvart er busette på ulike stadar.

Det er ingen tvil om at interessa for påskerevyen er til stade på Davik. Laurdagen blei fort utseld og revygjengen forventar fulle hus også fredagen.

– Det vert garantert knalltøff bandmusikk og høg stemning!