Showet «Ei femtrinns reise gjennom eit liv» har han også nyleg halde på kafeen Asylet i Oslo til stor begeistring.

– Og eg trur folk kjem til å kjenne seg endå meir igjen i historiene her, og legg til:

– Eg har nemleg ei historie som heiter «Krigen om dobbeltsete» der eg tek folk med på ei reise på Nordfjordekspressen. Den slo an i Oslo, men det blir noko anna her vil eg tru.

Også fleire av historiene har lokal tilknyting, mellom anna ei der han fortel om då han juksa i sløyd, og ei anna om då tanta hans skulle heim til Vågsvåg før det kom veg til bygda.

Wåge har lang erfaring som fortellar. I november gjekk han heilt til topps i fortellarkonkurransen «Storyslam» på Rockefeller i Oslo. Han er også ivrig samfunnsdebattant, og har i mange år skrive kronikkar og debattinnlegg i Aftenbladet og Dagbladet, i tillegg til å kåsere i Salongen i NRK P2.

– No slår den pensjonerte læraren, opphavleg frå Vågsvåg, eit slag for god gammaldags historieforteljing, skriv Kraftstasjonen om showet.