Vinteren har smelta, kvitveisen blomstrar og sommaren nærmar seg dag for dag. Det er vår!

Fjordenes Tidende håper difor at du vil dele ditt favorittaugeblink frå årstida med våre lesarar.

Fram til utgangen av mai kan du sende inn vårstemning til emneknaggen #fjtvår eller på mail til fjt@fjt.no.

Instagram-bilda blir vist på fjt.no og nokre av dei kjem også på trykk i papiravisa.

Vi trekker ut tre innsendarar som får kvar sitt Fjordenes Tidende-krus.