Video:

Sjå dansen 1.000 turnarar skal vise fram

I helga går årets barneturnstemne i Sogn og Fjordane av stabelen i Vågsøy, og laurdag håpar ein å sjå 1.000 turnarar framføre ein felles dans på Torget.

Torill Eide Tennebø har laga koreografien til dansen, som dei påmelde gymnastane har fått i oppgåve å lære seg til stemnet i helga.

– Eg trur det kan bli eit spektakulært syn når nær 1.000 turnarar dansar same dans, seier Eide Tennebø.

Turngruppa i Måløy Idrettslag håpar at mange vil møte opp for å sjå gymnastane framføre dansen.

Videoen viser dansen som turnarane i Måløy Idrettslag viste fram for første gong under juleoppvisninga i Samfunnshallen.

 

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå