– Ein har lenge tenkt at ein har lyst å finne på noko. Og her ute går det an å komme med ein sånn idé, som verkar heilt usannsynleg og folk er berre positive og seier ja, dette har vi lyst til og dette skal vi få til! Det er heilt fantastisk, seier Eva Marie Pleym, som har sett det heile i gang.

– Ein er sprøyte galne her ute og berre hoppar på noko sånt, smiler Rune Eriksen.

Konsert og dans

7.–9. juli blir Strandfestivalen i Revikja arrangert for første gong. På plakaten står Lothepus med band og lokale krefter som Vassverkgutane, Annette Myre Silden og Håkon Kongshaug.

Lothepus: Skytebas og rikskjendis Lothepus kjem til Refvik med bandet sitt, og

Konsert og dans blir i telt på fotballbana ved Lensmannshuset. Og skulle folk ville overnatte i strandbygda, finst det campingplass.

– Her er også jordbrukarar som stiller markane sine til disposisjon, både til parkering og bubilar. Så her er alle moglegheiter, seier Torunn Refvik, leiar i bygdeutviklingslaget.

Ho ser på det som ei gyllen anledning til å profilere bygda og campingplassen i Refvik.

– Det er kjempeviktig, seier ho.

Dans: Vassverkgutane frå Flatraket spelar opp til dans etter Lothepus er ferdig på scena. Arkivfoto

Aktiv Raudeberg skal hjelpe til med arrangementet, og ved dårleg vêr flyttar arrangementet inn i kulturhuset på Raudeberg.

– Det gjer at vi kan berge budsjettet om det blir dårleg vêr, seier Pleym.

Målet med festivalen er ikkje å tene pengar, men håpet er at så mange som 1.000 finn vegen til bygda.

– Vi har ei nedre linje på 800, seier John-Inge Bakke, som også inviterer folk til å vere med på dugnad.

– Vi treng kanskje 60–70 folk, og vi håpar at dei som er litt øsne på slike ting tek kontakt og blir med, seier han.

Lensmannshuset og miljøtenesta

Eit eventuelt overskot vil gå til oppgradering av Lensmannshuset med heis og nye toalett, og tilrettelegging for funksjonshemma.

– Og så går 10 prosent av overskotet til miljøtenesta i Vågsøy kommune, legg Rune Eriksen til.

– Det er eit sterkt ønskje om å ha ressursar til å gjere sosiale aktivitetar utanfor den enkelte sine heimar, og dette vil gjere at ein kan finne på meir ting utanom det vanlege, seier Katrine Holvik Skinlo, som er gruppeleiar for miljøtenesta i Vågsøy.

Miljøtenesta yt tenester til funksjonshemma, og Holvik Skinlo forklarar at eit ønskje er å få på plass ein minibuss som ein kan bruke til å reise på tur.

– Konserten vil også bli tilrettelagt for funksjonshemma, så dette er som ein raud tråd gjennom det heile, seier Pleym.

Komiteen har berre fått positive tilbakemeldingar frå bygda, og blir det ein suksess håpar ein å kunne arrangere festivalen årleg.

– Det absolutt viktigaste no er at folk møter opp og kjøper ein billett, smiler Holvik Skinlo.