Bremanger folkebibliotek sin filial på Hauge har blitt heilt ny, og har fått kome opp frå kjellaren på Hauge skule til vestibylen.

- Vi er komne opp frå katakombane og opp i lyset, smiler filialstyrar Trond Strand.

No har bibliotekskundane i Ytre Bremanger fått ein trivelegare stad å vere, og Strand håpar det kan bli ein møteplass for folk i større grad.

- Her er meir tumlepass, og færre hyller enn det var nede i kjellaren. Vi har også fått rydda litt opp i bøkene, så det er meir oversiktleg. Og sidan det no ligg i vestibylen, håpar vi det kan bli ein venteplass for kulturskulen, dei som skal på fotballtrening og i idrettshallen, at dei stikker innom oss også, seier han.

I underkant av 40 fekk med seg opninga av den nye filialen torsdag der forfattar Arnfinn Kolerud las frå eiga bok og gruppa Bossa Nova underheldt.

Les meir om det nye biblioteket og kva tilbod dei har i tysdagens papirutgåve av Fjordenes Tidende.