– Det var endå verre her i går, seier Oline Birgitte medan ho går hinderløype mellom all slags rekvisita som har blitt brukt under produksjonen av SKAM den siste tida.

Oline er produksjonsassistent, og har ansvaret for å skaffe statistar og for å hente inn dei rekvisittane som trengst. Sesong fire av NRK-dramaet er nyleg i gong, og alle som er involverte er i heilspenn medan ein stadig aukande fanskare gler seg over å sjå igjen nokre av seriens profilar Eva, Noora, Isak og Sana. Sistnemnde er hovudperson i sesong nummer fire.

Praksisplass

Vi møter den ferske produksjonsassistenten på rommet til karakteren Eva, som alle sjåarane blei kjende med gjennom den fyrste sesongen av SKAM, inkludert Oline Birgitte sjølv som er stor tilhengar av tv-dramaet. 20-åringen frå Bryggja har studert tv-produksjon ved Danvik Folkehøgskule i Drammen det siste året, og dette skuleåret er ho ute i praksis i NRK.

– Danvik har eit andreårstilbod der dei samarbeider med ein del produksjonsselskap og andre mediebedrifter som tek inn praktikantar, fortel ho.

Oline Birgitte sikta høgt og søkte praksisplass i SKAM-staben. Det gjekk vegen, og ho steig inn døra på NRK på Marienlyst fyrste dagen med ei god dose ærefrykt.

– Det var eit stort steg å ta frå folkehøgskule til NRK, men det har gått veldig bra. Eg har møtt eit inkluderande og fint team, seier ho. Og det er unekteleg litt surrealistisk å vere midt opp i den mest omtalte tv-serien for tida. SKAM opplever stort trykk og mange forventningar, og det å jobbe i staben der heng høgt.

– Eg har hatt veldig flaks med korleis ting har ordna seg, fortel den audmjuke produksjonsassistenten.

Travle veker

Oline Birgitte jobbar i utgangspunktet måndag til og med torsdag, men dette har blitt litt justert. Det er jo ikkje akkurat lett å halde seg vekke frå den attraktive arbeidsplassen.

– Er det opptak på fredagar, så har eg lyst å vere med, seier den engasjerte arbeidshesten.

Ho starta som produksjonsassistent, men det har balla på seg for den ambisiøse jenta frå Bryggja.

– Det er hektiske dagar, og vi er eit lite team som skal rekkje over mykje. Eg har ansvar for statistar og rekvisittar og er assistent ute på opptak. Det er alltid noko som må gjerast. Ein får eit innsyn i mange ulike delar av å produsere eit slikt drama, fortel Oline og legg til at læringskurva har peika bratt oppover.

Media frå Firda

20-åringen har bakgrunn frå medielinja på Firda vidaregåande skule på Sandane. Ho starta utdanninga med stor skrivelyst. Det driv ho med endå, men på Firda fekk tv-faget større og større plass etter kvart som den vidaregåande utdanninga heldt på.

– Vi hadde veldig flinke lærarar på Firda. Vi gjorde mellom anna ein del fleirkameraproduksjonar, noko som var veldig kjekt. Det gjorde at eg ville halde fram på tv-produksjon på Danvik Folkehøgskole, fortel ho.

Ho har med det utvikla eit varmt hjarte for tv-faget, men kor vegen går hen vidare er litt usikkert endå. Praksisperioden varer fram til mai 2017. Deretter blir det nok meir skule.

– Å ta tv-fag på Lillehammer er absolutt eit alternativ, sjølv om eg likar meg godt i Oslo og kunne tenkje meg å bli her lenger. Det er utruleg kjekt å vere med på å produsere tv, og eg skal bruke dette året på å finne ut eksakt kor vegen skal gå hen, seier ho.

Oline Birgitte Nave har tidlegare jobba for Fjordenes Tidende.