28.–30. april er det tid for Sunnivafestivalen i Selje. Søndag får ein høyre meir om vikingtida og tidleg mellomalder i Nordfjord under Seljeseminaret på Doktorgarden Selje.

Her kjem historikar Ynge Nedrebø for å snakke om korleis nye gentestar kan gi ny kunnskap om dei gamle nordfjordingane. I tillegg kjem arkeolog Berit Gjerland for å fortelje om vikingtida i Nordfjord. Høgskulelektor Harald Krøvel skal fortelje om runer og Tøger Lien skal presentere prosjektet Sagastad.

Festivalen byr på eit rikhaldig program, og i helga blir det mellom anna tur til klosteret, marknad, vikingleir, konsert med Helgesenkoret og The Irish Vikings, pilegrimstur på Selja og guida tur over fjellet. Sistnemnde er med Stadt Naturguiding på søndag. Turen startar på Bø, går over fjellet og ned til Selja Kloster.

– Det er mykje anna spennande historie på Selja, som du får høyre om på turen, fortel Grete Solborg Fure.