– Vi skal sjå etter den beste hesten, den som går finest, oppfører seg og ser ut som den er godt stelt, seier Ane Grodås Orheim, Celin Angelica Nygård og Maren Bjørkedal Jensen.

Dei tre er alle glade i hest, og rir saman ein gang i veka på Evas ridensenter. Dei synest hingsteutstillinga er stas.

– Det er spennande å sjå alle hestane, seier dei.

Til hjelp og støtte i juryarbeidet hadde dei fjordhestoppdrettar Kristian Bakken frå Lunner, som har kome til Eid på hingsteutstilling sidan 1978.

– Opp gjennom åra er det fødd cirka 70 føll i stallen hos meg. Akkurat no har eg elleve hestar på stallen, og fire føll blei fødd i fjor. Eg ventar også to nye ganske snart.

Etter litt diskusjon landa jentene på at nummer 3, Hangvar Kry, var hingsten som presenterte seg best i opptoget.

– Jentene meinte den gjekk fint, var godt stelt, og at det såg ut som eigar og hest hadde det fint saman, seier Bakken.

Gradestokken kraup oppover mot 20 grader då dei 23 hingstane som deltok i årets hingsteutstlling på Nordfjordeid gjekk i opptog gjennom Eid sentrum laurdag. Folk i alle aldrar nytta høvet til å sjå dei flotte hestane og nyte godvêret.

Dagleg leiar i Norsk Fjordhestsenter Magni Hjertenes Flyum kunne ikkje vore meir fornøgd med avslutningsdagen av hingsteutstillinga.

– Det har vore ei fantastisk gjennomføring, seier ho.

Ho meiner hingsteutstillinga har lukkast i å bli møteplassen for fjordhestfolket.

– Kan ein kalle dei fjordhestnerdar?

– Ein kan heilt klart seie at ein god del av dei er fjordhestnerdar, ja. Det kjem folk hit frå heile verda for å sjå på hestar.

Ho er glad for at sjå at også yngre folk har hesteinteresse.

– Absolutt, det er mange yngre som kjem. Og så har vi sånne eldsjeler som Kjell Taklo, som er 77 år, men som framleis stiller med hest og visar han fram sjølv.

I tillegg til klassevis mønstring, opptog gjennom sentrum, barneriding og aktivitetar og folkeliv i Eidsgata, var det også kåring av hestane laurdag.

– Kåringa er jo sjølve høgdepunktet, det som det er knytt aller mest spenning til, seier Hjertenes Flyum.

At det er få hestar på utstilling i år, berre 23 stykke, var ein klar over, og det forklarast som ein venta bølgedal.

– Under denne utstillinga og den neste vil vi ha dei lågaste avlsklassane noko sinne, men vi veit at det vil snu og gå opp igjen, seier Flyum, og viser til eit godt unghestskue på Breim.

– Det er heilt unikt, at same oppdrettar, eigar og framvisart toppar med to hingstar. Dette er flinke og dyktige folk, som veit kva dei gjer, seier Hjertenes Flyum.

Treåringen Birkelid Tullen blei både spiss i si klasse og Dagens hingst.

– Ein soleklar spiss, sa styrar av utstillinga Tore Kvam.

Og rett før hadde Heggheim-paret sin andre treåring i utstillinga, Birkelid Nimo, også blitt kåra, til nr. 2 i kvalitet.

Til saman hamna fem hestar i kvalitet blant treårshingstane.

– Det er veldig bra, og sjølv om vi har få hingstar med i år, er kvaliteten på dei høg, seier Hjertenes Flyum.

Til saman blei 12 hingstar kåra, og såleis godkjende, under utstilinga. Av lokalt eigde hingstar nådde ein opp, tre år gamle Herlig, med oppdrettar Silje Kvalvik og eigar Miriam Hoddevik, begge frå Nordfjordeid.