Det er Håkon Kongshaug (18) som har fått oppgåva med å finne ungdomar, samt leie showet som skal gå føre seg laurdagen under festivalen.

The Young Ones handlar om at lokale ungdomar skal få moglegheita til å vise seg fram på scena.

Sjølv deltok han på fjorårets festival som artist, men han leia også The Young Ones.

– Eg hadde ikkje så store forventingar i fjor, fordi eg ikkje visste kor mange som kom til å dukke opp i publikum, men det var jo nesten fullt i teltet, så det vart ein suksess. Og eg er veldig glad for at arrangørane har valt å vidareføre konseptet.

Kongshaug er i gang med å samle unge talent til årets show, og han lovar at publikum både skal få sjå nye og kjende fjes på scena.

– I fjor var vi fire artistar pluss eit kor. I år har eg fått med meg enno fleire, så det ser lovande ut, smiler han, og legg til:

– Alle verkar veldig interesserte i å vere med. Eg håpar det blir like mykje folk som det var i fjor, eller aller helst enda fleire.

Artistane som har sagt ja til å vere med på showet er mellom 13 og 18 år, og ifølge den tidlegare Idol-deltakaren er det ikkje eit problem å finne unge talent i området.

18-åringen frå Måløy trekk samstundes fram at dei ungdomane som deltek på The Young Ones får eit fint møte med scena.

– Det er eit veldig profesjonelt opplegg. Den lyden som var på The Young Ones, og heile festivalen, i fjor var veldig bra. Ein kunne nesten ikkje merke forskjell frå ein tv-produksjon, seier han.

Kongshaug legg ikkje skjul på at festivalen har ført til at The King har fått seg enda ein fast lyttar.

– Eg fekk litt «Elvis-adrenalin» etter framføringa mi i teltet i fjor. Sidan den gong har eg lært meg nokre fleire songar av Elvis, og eg skal nok framføre minst ein av dei, seier Kongshaug, og forklarar vidare at ungdomane sjølve kan velje kva dei vil synge, men at han oppmodar dei om å velje minst éin elvissong.