17. mai er ofte omtala som barnas dag, og Fjordenes Tidende har møtt nokre av dei som gler seg aller mest til nasjonaldagsfeiringa.

Det aller kjekkaste med 17. mai for elevane vi prata med på Holvik skule, visar seg å vere det å gå i tog.

  • Send bilde frå di 17. mai-feiring til fjt@fjt.no eller ved å merke instagrambilde med #fjtvår

– Det er kjempekjekt, fordi vi kan kose oss! Gå rundt, spele på trommer, blåse i fløyter eller kva dei gjere. Eg spelar trommer i korpset, seier Magnus Haraldson Aare (9).

Elevane ved Holvik skule skal gå under eiga fane i barnetoget i Måløy.

Elevar ved 1.–3. klasse ved Holvik skule gler seg til 17. mai, og mest til å gå i tog. Dei er blant dei mange barneskuleelevane som går i det felles barnetoget i Måløy på nasjonaldagen.

– Det er kjekt, for då viser vi at vi er Holvik skule, seier Siri Gjerde Gil (9), og legg til at dette er viktig å vise fram.

Kan historia

Det var tydeleg at elevane i 1.–3. klasse ved Holvik skule kjende godt til historia bak nasjonaldagsfeiringa.

– 17. mai er bursdagen til Norge, det er nasjonaldagen vår, seier Johannes Færestrand Haugen (10).

– Det var i 1814, skrik fleire av elevane.

– Kva skjedde då?

– Kvifor feirar ein dette då?

– I 1814 fekk Norge si eiga grunnlov. Det er bra å feire, legg Sara Elise Husevåg (8) til.

I fjor fekk ho æra av å bere fana til Holvik skule i 17. mai-toget.

– Det var veldig gøy! seier ho.

Lærar for 2.- og 3.-klasse på Holvik skule, Tone Klever, fortel at dei oppmodar flest mogleg av dei kring 45 elevane ved skulen om å delta.

– Dei gler seg veldig. Det er mykje som skjer. Det er jo samling her i Holvik, tog i Måløy og dei som er med i korps går jo også i tog i Vågsvåg, seier ho.