– Det har vore ein draum i fleire år å starte noko sånt, seier Solbakken.

I august sende ho ut brev til solistar ho kunne tenke seg å ha med i vokalensemblet.

– I Bremanger har vi eit svært aktivt musikkliv, med mange kor og korps. Men vi har også mange dyktige solistar og vokalistar, nokre syng i kor og nokre har vore med som solistar på Bremanger Musikklag sine konsertar opp gjennom tidene. Eg har samla dei eg kjenner og veit om, som er hakket meir interessert i vokal, seier ho.

Responsen var god og sidan januar har dei hatt månadlege øvingar.

Premierekonsert

Sjølv med fleire oppdrag på lista, jobbar ensemblet mot sin eigen premierekonsert 27. oktober i Heimen i Bremanger, med påfølgjande konsert i Svelgen 28. oktober.

– Eg trur det skal bli ein underhaldande konsert, der alle vekslar mellom å vere solistar. Sidan alle er solistar i utgangspunktet, så vil vi at alle skal prøve seg, seier ho.

Vokalensemblet fekk nyleg 12.000 kroner frå Bremanger kommune i kulturmidlar for å sette opp premeierekonserten.

– Det var ein god start for oss, vi startar jo på bar bakke.

Fleirstemt song

Solbakken er klar på at vokalensemblet ikkje er eit a capella-kor.

– Det er jo i vinden å ha a capella-kor, men eg trur ikkje vi kjem til å vere det. Vi kjem til å nytte oss av anten levande musikk eller komp. Vi syng i populærsjangeren, og held oss i moderne populærmusikk.

Ensemblet tel ni faste personar, og namn for ensemblet er ikkje bestemt endå. Felles for dei er forkjærleiken for fleirstemt song.

– Eg har sunge i vanleg kor, og det er kjekt det også. Men dette er noko som ligg hjartet mitt nærare. Eg tek opp tråden frå det vi gjorde på Firda, og musikklinja der. Der song vi ein del i ensemble, og det likte eg godt, seier Solbakken, som jobbar som kulturskulelærar og syng i band utanom.

Den musikalske leiaren for ensemblet er Grete Berntzen er kulturskulerektor og også utdanna songar.

– Kvifor har du valt akkurat desse damene til vokalensemblet?

– Det er fordi eg kjenner dei, eg veit kva dei står for og kva dei kan gjere på ei scene. Det var i grunnen nøye uttenkt, avsluttar Solbakken.