Slik lagar du vassbakkels med vaniljekrem:

  • 250 g smør

  • 5 dl vatn

  • 250 g kveitemjøl

  • 6–7 egg

Kok opp vatn og smør. Ha i kveitemjølet og rør sterkt medan kjelen står på varmen.

Når massen er seig og jamn, tek du den av varmen. Kjøl den litt ned og spe med egga, eitt av gongen, under kraftig røring.

Når røra er ferdig har ein den i ein sprøytepose eller bruker ei skei og fordeler deiga utover steikeplata i den fasong ein ynskjer. Bruk bakepapir på steikeplata.

Steikast på 170 grader i 16 minutt. Ein må ikkje opne døra under steiking, då risikerer du at dei fell saman.

Fyll med vaniljekrem.

Konditorkrem:

  • 35 g maisenna

  • 50 g melis

  • 3 eggeplommer

  • 5 dl mjølk

Smaksstoff som vaniljesukker/romessens og liknande

Rør maisenna, eggeplommer og melis ut i litt av mjølka. Kok opp resten av mjølka og hell det deretter over blandinga under omrøring.

Gi massen eit oppkok og avkjøl.

No er vassbakkelsane klare for servering!