Namn: Linea Marie Midtbø Helgestad

Alder: 12 år

Adresse: Raudeberg

Sivilstatus: klarer meg fint

Yrke: elev

Hobby: musikk og teikning

Aktuell med: Linea og ALS-ramma Svein Ove Falkevik er gode vener. Sidan Svein Ove fekk ALS har Linea ønskt å hjelpe vennen sin. Laurdag arrangerer ho ein støttekonsert i Samfunnshallen, der inntekta går til ALS-forsking.

– Er alt klar for helga?

– Det meste er klart no. Eg er veldig spent.

– Kven skal stå på scena?

– Det blir mange lokale aktørar frå Vågsøy og Selje. I tillegg blir det ALS-kafe tidlegare på dagen i kantina i Samfunnshallen, med masse gode kaker, kaffi og anna godt.

– Korleis har det vore å arrangere denne støttekonserten?

– Litt travelt og slitsamt, men også gøy. Eg har planlagt den heilt sidan eg fekk vite at Svein har ALS.

– Har folk vore flinke til å støtte?

– Bedrifter og enkeltpersonar har støtta med små og store beløp. Eg har spesielt lyst å nemne Ronny Hopland på Jobbpartner som har gitt oss over 350 t-skjorter, og han har skaffa to fotballtrøyer som vi har på auksjon.

– Så har billettsalet alt starta?

– Ja, billettsalet har allereie starta og ein kan kjøpe billettar i døra dersom det er fleire att. Eg håpar det blir heilt fullt hus!

– Korleis trur du dagen blir?

– Eg trur det blir masse nervøsitet, men mest gøy og moro.

– Og så går pengane til ein god sak. Kan du fortelje litt om det?

– Alle pengane går til forsking på ALS, ikkje ei krone til oss. Vi har ikkje utgifter. Alt er sponsa og på dugnad. Då eg høyrde at Svein var sjuk, fekk eg vite at det var veldig lite forsking på sjukdomen, og ingen medisin. Dette ville eg gjere noko med.

– Kva reaksjon har du fått frå Svein Ove på at du arrangerer støttekonserten?

– Han vart veldig rørt og glad.

– Har du fått noko tilbakemelding frå andre på at du gjer dette?

– Berre gode tilbakemeldingar.

– Trur du at du kjem til å arrangere fleire slike støttekonsertar seinare?

– Det kan godt hende det blir noko meir seinare, for dette er viktig!