– Det har vore ei stor glede å vere i Firda Canning og eg er så fornøgd med at eg har fått vere der så lenge, seier Turid Breidalen, som snart flyttar loppene til det gamle samvirkelaget på Raudeberg. Laurdag held ho eit stort loppemarknad for å tømme det gamle lokalet sitt. Arkivfoto: Janne Weltzien Listhaug

Held loppemarknad for å tømme det gamle lokalet

Snart flyttar Turid Breidalen loppemarknaden sin til Raudeberg. Før det ønskjer ho å kvitte seg med så mange lopper som mogleg.

– Eg håper det forsvinn massevis av lopper, ler Breidalen.

Det er ikkje lite lopper å finne hos Firda Canning i Måløy. Her har Breidalen arrangert loppemarknad i tre-fire år. Og når loppene no skal flyttast til Raudeberg, gjeld det å kvitte seg med så mykje som mogleg.

– Så då blir det billigsal. Det var billig frå før av, men no går eg endå lengre ned i pris.

Snart blir loppemarknadane å finne i det gamle samvirkelaget. Når Breidalen først måtte flytte loppene, er ho nøgd med å få så fint lokale på Raudeberg, noko ho kan takke Agnar Lyng for.

– Dette blir flott og eg er utruleg heldig. Eg føler meg allereie som halvt raudebergar, seier ho nøgd og legg til at ho vil samarbeide med ulike arrangement i det nye kulturhuset og andre arrangement som vil skje på Raudeberg.

Inntekta frå Breidalen sine marknadar går til Sogn og Fjordane Parkinsonforening.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå