Mellom anna inviterer Ytre Nordfjord Turlag til ein fellestur 21. mai. Turen går til Kvanndalseggja, der du kan nyte ei flott utsikt mot Rota og Slivatnet. Dette er ein middels hard tur. Oppmøtet er ved Kjølsdalen skule og turleiarar er Kari Solheim og Bjarte Refvik.

Same dag byr Keipen Turlag på fottur til Omnen. Dette er ein krevjande tur som passar best for vaksne og ungdommar. Turen startar ved Rise og når ein når toppen får ein ei fantastisk utsikt i alle retningar. Dette er ikkje ein tur for dei med høgdeskrekk, seier turlaget.

Barnas Turlag Keipen skal ha friluftshelg i Berledalen med overnatting frå 20. til 21. mai. Turen startar ved Berle skule og er beskriven som ein lett tur.