– Det blir noko for alle. Vi prøver samstundes å ta vare på tradisjonane våre med at vi er ein fiskarby ved å gjere ungane engasjerte og trygge på sjøen, fortel leiar for barneaktivitetane, Jannicke Myrestrand.

Men for dei som enno ikkje er heilt trygge på sjøen, blir det også fleire aktivitetar. Fredagen under festivalen blir det feiring av eittårsdagen til Eliasbåten, Ulven, som vart døypt under fjorårets arrangement. Under feiringa vil båten stå på land.

Nytt av året er det at Måløy Havfiskefestival set opp ein eigen barnekonsert.

Julie Falkevik Tungevåg tar med seg musikarane Ellen Brekken og Elisabeth Nesset, og kjem til Måløy med bilen full av instrument. Dei skal sette opp konserten «Du og jeg og vi 2-3-4». Sjølv omtalar dei konserten som ein groovy barnekonsert for heile familien der ein får møte mange spennande karakterar. Blant anna Rotta Ronny som er lei av kebab og fru Rosenstrøm som planlegg å rane banken.

– Det blir mykje dansing, humor og bevegelse – og klapping på 2 og 4. Vi tullar litt med at vi vil lære barn og vaksne rundt om i landet å klappe på 2 og 4, seier Brekken.

Ein annan ny programpost under festivalen er skattejakt på havbotnen med Blekkulf.

For å få med seg ungdomane på aktivitetane kjem festivalen med fleire nye aktivitetar.

– Vi skal ha ein selfie-rebus i sentrum. Vi kjem til å ha bilete av nokre bygg og kjennemerke i Gate 1 og Sjøgata på standen til Ung-laget, og så må dei som deltar ut og ta ein selfie ved desse merka på kortast mogleg tid. forklarar Myrestrand.

I tillegg har festivalen fått tak i SUP-brett, som er eit brett ein står og padlar på, og båtane til Sommarskulen blir også tilgjengelege for dei som ønskjer ein tur på sjøen.

Det blir også knutekurs, quiz, besøk frå ballongmannen, barnefiskekonkurranse, havets skattekiste, ansiktsmåling og andre kjende aktivitetar.