Namn: Sonja Kristin Førde

Alder: 37 år

Adresse: Ålfoten

Sivilstatus: gift med Karl Vidar, og har tre barn på 6, 11 og 12 år

Yrke: dagleg leiar på Hjortegarden

Hobby: korps og friluftsliv

Aktuell med: Bremanger-selskapet Hjortegarden har opna for sesongen

– For dei som ikkje har fått det med seg – kva er Hjortegarden?

– Hjortegarden driv med oppdrett av hjort og gardsturisme i Ålfoten. Vi starta Hjortegarden AS i januar i år, så det er heilt nystarta. Men dei fyrste hjortane fekk vi i august 2015.

– Og no er sesongen starta?

– Ja, vi har no starta sesongen, og vi har fleire ulike produktpakkar til bedrifter, turistar, familiar, enkeltpersonar og jegerar.

– Kva kan ein finne på når ein besøker garden?

– På hjortegarden er det forskjellige aktivitetar. Vi tilpassar besøket etter kundane sine ynskjer, så gjestane må difor ta kontakt med oss på førehand for besøk. Her kan ein drive med mating av hjort, hjortejakt for erfarne jegerar og fyrstegongsjegerar, kursing innan flåing, partering, foredling av kjøt, aversjon på hjort og konkurransar/lagbygging som øksekast, mjølkespannholding, tautrekking og så vidare. Hjortestova er samlingslokalet på låven, som kan brukast til kurslokale, møter og pub.

– Blir det også arrangement?

– Ja, vi kjem til å ha open gard og hjortepub i løpet av sommaren.

– Korleis har interessa vore så langt?

– Interessa er veldig god. Vi får mange positive tilbakemeldingar og førespurnader om arrangement, og det er kjekt.

– Korleis står det til med hjortane då?

– No er det rett før kalving så det er veldig spennande å følge med. Vi har i dag 27 hjortedyr, 16 koller, 1 bukk og 11 fjorårskalvar. Vi håpar at vi innan juli har 40 hjortedyr.

– Kva planar har de vidare for garden?

– Det blir ei spennande tid framover. Vi får mange spørsmål frå tilreisande om overnatting, så vi har no eit samarbeid med arkitekt for vurdering om vi skal bygge om fjøsdelen til hotellrom. Elles jobbar vi vidare med tilrettelegging og utvikling av garden for å kunne ta imot gjestane våre på best mogleg måte.