– Det verker i alle fall sånn når du snakkar med folk, ungdommar som studerer, alle skal heim til Rockweekend. Og det er jo det vi ønsker.

– Så du trur Rockweekend kan ha positiv effekt på heimflytting?

– Ja, det trur eg faktisk. Ein får ein positiv relasjon til bygda si, noko positivt å snakke til andre om når ein skal forklare kvar ein kjem frå. Det er mange som slår seg på brystet og er stolte av Bremanger nettopp fordi vi har ting som dette, men også Grotlesanden, Vetvika, Hornelen, og forhåpentlegvis Via Ferrata.

Har rocka Bremanger i 30 år

No er det klart for den 31. Bremanger Rockweekend i rekka.

– Vi hadde eit lite opphald då Bremanger Rockklubb gjekk inn, der Havly dreiv sjølv nokre år under namnet «Musikkweekend», men konseptet har vore der heile tida, smiler Igland, som sjølv har vore med mesteparten av tida.

– Korleis fekk ein ideen?

– Det var generelt stor interesse for musikk i bygda, og så ville vi gjerne ha artistane hit til oss i staden for at vi måtte reise rundt omkring. Og det har vi fått til!

– Kva er det største ein har fått til?

– Det definitivt største er nok 10-årsjubileet då Los Lobos stod på scena. Dei var store internasjonalt då, og det heile blei spektakulært med utekonsert i Berle. Men det har vore mange høgdepunkt elles også.

Men konseptet vaks seg etter kvart litt for stort, og ein innsåg at ein måtte ta det litt tilbake til røtene.

– No er vi tilbake omtrent der det begynte, som ein klubbfestival. Vi dreiv stort og klarte det fint i fleire år, men så gjekk vi på ein smell. No er det tatt ned til eit fornuftig nivå. Stort nok, men likevel ein intim festival.

Program for musikkglade

Festivalen, som i år blir arrangert frå torsdag 13. juli til og med søndag 16. juli, går stort sett føre seg på Igland, i og rundt Havly pensjonat. Men nytt av året er at ein også tek i bruk Bremangerhallen, til eit av årets store trekkplaster Kari Bremnes.

– Dette er jo heile Norges musikkdiva, og her ser vi at billettane har begynt å selje allereie, seier Igland.

Han fortel at det ikkje nødvendigvis er ein klar raud tråd mellom artistane i line up-en i år.

– Men eg vil seie at det er eit variert og godt musikkprogram for musikkglade menneske, mynta på eit vidt publikum. Og vi legg vekt på kvalitet.

I tillegg til Bremnes stiller Sol Heilo frå Katzenjammer med sitt soloprosjekt der ho har med seg eige sjumannsband, The Original Bullshit Band (TOBB) og Grøftekarane.

Det heile startar torsdag med den tradisjonelle jam’en med lokale artistar. Fredag speler Sol Heilo og det lokale bandet Silo.

– Vi har to scener på Havly, oppe og nede. Silo speler nede før Heilo, og når ho er ferdig oppe, kan folk trekke ned igjen for litt meir Silo om dei vil.

Det same skjer på laurdag då TOBB vekslar på å spele saman med countrybandet Grøftekarane frå Sogn og Fjordane. Laurdag er det også familiekonsert med lokale artistar, blant anna Vokalensemblet og Emil Horstad på trekkspel. Dette skjer ute eller inne på Iglandsvik, alt etter vêret. Søndag avsluttar så Kari Bremnes rockehelga i Bremangerhallen.

Det blir også aktivitetar rundt musikken. Nytt av året er at skuta «Svanhild» legg til i Iglandsvik.

– Her blir det sjørøvartokt for ungane på føremiddagen, og etter familiekonserten blir det «rockcruise» for dei litt større, som eit lite vorspiel til TOBB-konserten. Men her er det berre 35 billettar så folk må vere raske!