4H Sogn og Fjordane har med støtte frå Gjensidigestiftelsen kåra vinnarane av Draumeplassen, ein konkurranse der ein vinn 100.000 kroner og prosjekthjelp til å realisere ein naturmøteplass, ifølgje ei pressemelding.

– Naturmøteplassane skaper auka aktivitet i lokalsamfunna og får fleire ut i naturen. Dette er plassar som er opne for alle, og er kanskje spesielt viktige for unge og vaksne som ikkje er med på så mange andre aktivitetar, seier Hjørdis Vik frå gåvestyret i Gjensidigestiftelsen og medlem av juryen for Draumeplassen.

Ane G. Orheim, Celin A. Nygård, Anette Nedreberg, Ida E. Vonheim, Sara E. Myrold, Emma K. Myrold og Andrea L. Boten foran den nye naturmøteplassen til Troda 4H på Davik. Arkiv

Til saman er det fem stadar i fylket som får Draumaplassar, og vinnarane har søkt tett samarbeid med andre lokale lag og organisasjonar som vil hjelpe til med å realisere naturmøteplassen.

Dei fem som står som hovudsøkjarar og vinnarar er Hei og Hå 4H på Bryggja i Vågsøy, Freidig 4H på Stårheim i Eid, Nærøyfjorden Verdsarvpark i Aurland, Fjellklang 4H på Sunde i Førde og Atløy 4H i Askvoll.

– Årets fem vinnarar er gode eksempel på grasrotmobilisering! smiler Dag Vea, som er prosjektleiar for Draumeplassen i 4H Sogn og Fjordane. Han held fram:

– Vinnarane står fram som svært energiske og klare til innsats. Dei har dyrka fram eit sterkt lokalt engasjement og knytta mange gode samarbeid. Dette meinar eg er nøkkelen til at ikkje berre prosjekta vert realisert, men at plassane òg vert godt tatt vare på og flittig brukt i mange år framover.