Stormande fyropplevingar

I Vågsøy har kan ein besøkte totalt tre ulike fyr, som er verdt eit besøk i både storm og perfekt sommarvêr.

Kråkenes fyr, kjend som stormfyret, står ytst på Kråkenes og har eit helseoppbyggande fokus med konseptet SlowTur, som er eit overnattingstilbod over fleire døgn der ein kan seinke skuldrane med mellom anna massasje og lyden av bølgjene utanfor. Fyret har også ei populær brudesuite.

Ulvesund fyr har også overnattingstilbod, i tillegg til kafé og geiter ein kan helse på i hagen. På Ulvesund kan ein nyte sola som går ned i havet, og fyret brukar å ha ope dagleg i skuleferien.

Skongenes fyr kan ein ikkje nå med bilveg, men må ta beina fatt i ein times tid frå Halsør.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.